Kategori: håndarbeid

  • Vennearmbånd

    Vennearmbånd

    Veit du ka som er lurt?
    Skriva bloggen når du faktisk holder på med da du skal skriva om. Tenk kor god denna teksten ville vert vist eg skreiv alt eg lærte for fem måneder siden, når eg nettopp var ferdig å laga tråd fra lokal ull, og ville lage vennearmbånd av alle de små søte nøstene eg hadde lagd med karder og håndtein.

    Eg skal vertfall prøva å få fram all informasjonen eg plukka opp og ville gje vidare.
    Første vennearmbånd blei lagd på denna måten:
    https://www.youtube.com/watch?v=k7LCka1NvaA&t=4s

    saueull-blogg-bilder2bjpg

    Denna teknikken vil se bedre ut med jevnere tråd, min heimelaga tråd hadde kanskje litt for mykje sjarm 😛 men framdeles eit kjekt lite armbånd å prøve seg på, det er forskjellige variasjoner med færre og fleire tråder som du skal flette, men teknikken er den samme, så kan du ein, får du til dei andre og. Detta er noko unger på barneskulenivå kan få til 🙂

    Neste armbånd er litt meir fancy, men framdeles fult mulig for unger å lage.
    Vennearmbånd nummer to er lagd med ein teknikk som heite kumihimo. Det høres dyrt og avansert ut, men er relativt enkelt og man kan lage sin eigen kumihimo disk i papp vist man vil. Eg kjøpte ein skumgummi-skive på Panduro til 50 kroner, den gangen.
    https://panduro.com/nb-no/products/smykker-accessoirer/smykkev%C3%A6rktoej/ovrige-smykkevarktoj/kumi…
    Det fins også firkanta og større skiver, Dei har eg ikkje fått prøvd endå. (Må muligens bestilles fra utlandet)

    Litt om kumihimo: Kumihimo er ein tradisjonell japansk måte å lage fletta bånd på, metoden hadde egentlig eit meir avansert oppsett, men prinsippene er den samme i den moderne skumgummi-platen som er blitt så populær i dag.

    saueull-blogg-bilder2jpg

    Eg er litt usikker på kass video eg brukte, men var vertfall kumihimo med åtte tråder. Så ligger med denne YouTube videoen:
    https://www.youtube.com/watch?v=lWi8zW4e1X8
    Brukte den loopen som blei vist i videoen til det første vennearmbåndet på kumihimo armbåndene mine og.

    Er faktisk ganske kjekt å laga kumihimo armbånd. Og egentlig ganske enkelt, Det er bare å følge tallene og flytte tråden til rett plass, så danner det seg eit flott bånd under platen, som du velger akkurat kor lang du vil ha. (så lenge du har nok tråd)

    Når du har fått inn rytmen i å lage kumihimo bånd, kan du sjekka ut denna sio:
    https://friendship-bracelets.net/patterns/kumihimo
    Linken går rett til kumihimo mønstrene, og det fine er, får du til ein, er de samme prinsippene i alle de andre kumihimo mønstrene, bare færre og fleire tråder å holde styr på.

    saueull-blogg-bilder2djpg

    Ein ting til: Du må ikkje ha ein sånn loop i begynnelsen av tråden, men er praktisk i forhold til å ta av og på armbåndet når det passer deg 🙂 Eg har eit enkelt lite armbånd med fire fletta tråder som eg knytte fast på armen i september. Må sei at den sjølvlaga ulltråden er slitesterk. Til no er armbåndet bare litt frynsete i endane og bittelittegranne falma. Spesielt den tråden som er farga med blåbær.

    Planen min er å prøve meg på eit av de større mønstrene når eg har fått lagd meg meir tråd 😛
    Vil og prøve denna begynnelsene på armbåndet:
    https://www.youtube.com/watch?v=veROHvJUDas&t=1s
    Var ikkje da ein fin loop?

    -Tussebyga-

  • Saueull

    Saueull

    Kjøpte ull fra svartfjessau på Holmedal for nokon måneder sio. Søkte litt på nettet etter ka eg kan lage med ull, og da dukka opp eit heilt åpenbart svar… garn. Burde jo klart å tenka på da uten hjelp fra internett, men då var neste spørsmål, kossen?

    Da blei ei lang reisa gjennom YouTube, på norsk, svensk, dansk, engelsk, og har ikkje peiling språk med og uten tekst. Er jo tradisjon å laga garn, og tydeligvis mykje arbeid.

    Første steg: vask ulla, heilt seriøst, den stinker…

    vaske-saueulljpg

    Detta er bildet eg tok av prosessen, eg må seriøst bli flinkare å dokumentere.

    Steg to: tørking av ull. Hadde seriøst ull i heile leiligheten, noko hunden ikkje virka fornøyd med.

    Steg tre: karding av ull.
    Da var overraskande vanskelig, krever litt teknikk og tålmodighet.
    https://www.youtube.com/watch?v=T42Xh-Xg1q0
    Kjøpte meg karder på spinnvilt.no og kan sei at neste steg blir ein kardemaskin!

    Steg fire: lag tråd.
    Her er da ein fordel å ha ein spinnerokk og da blir absolutt neste investering i lag med kardemaskinen. Eit billigere alternativ er ein håndtein, den tar og mindre plass, og er egentlig litt gøy å laga garn med, vist du bare skal ha litt garn.
    https://www.youtube.com/watch?v=fluxW3WDNZs
    Da tok litt øving, men fekk da nå ganske ok til tilslutt. Må og innrømme at eg stort sett spolte gjennom de fleste videoene og da tok litt tid før eg fekk med meg at tråden måtte ligge dobbelt. Fant ein teknikk som fungerte noko lunde ok, men skal sei da bydde på problemer å få spint trådane sammen.

    saueull-garnjpg

    Eg valgte å prøve å farge garnet med naturlig fargestoffer. Det er lettere å fagre med Alun, det finnes naturlig i naturen, men er nok greiast å ha ein anna plass enn kjøkkenet å koke garn på då. Så eg gjekk for å koke opp garn i kvit eddik, koke opp bær og sånt utenom, så koke garn og fargevatn sammen, prosessen tar ca. to timer. Garnnøstene på bildet er farga med røde roseblader, gulrot stilker, rødbete (ja rødbete) bjørnebær og blåbær. Det virker som at skal man farga garn uten Alun kan man velge mellom gul og lilla? er vertfall noko eg vil eksperimentere med litt videre, er egentlig ganske spennende 🙂
    Garnet er vasket i vaskemaskinen på 30 grader, så fargen holder. Prøvde og med rips, da funka ikkje.

    armbandjpg

    Konklusjon: Å lage egent garn er stas. Eg vil nok investere i ein kardemaskin og spinnerokk, kanskje eg kan strikke noko av garnet då, men fram til dess blir da armbånd 😛
    Farging av garn er kjempe kjekt, neste blir nok å prøve rognebær eller valnøttskall.

    -Tussebyga-

  • Hestehår armbånd

    Hestehår armbånd

    Eg har hørt at alle gode hester, kjeme til himmelen med halv hale…

    Kanskje det er fint å lage eit fint lite minne med hestehårene som ligger igjen?

    Som for eksempel hestehår armbånd.

    Har egentlig aldri tenkt på at det er mulig å lage armbånd med hestehår, men er jo egentlig ein selvfølge, Det er egentlig det perfekte materialet for å lage fletter med, slitesterkt, langt, naturlig, veldig fint, lett å klippe av i endene, da og gjorder prosessen med å feste endestykker lettere.

    Eg brukte lang tid på sortering, for ville prøve å lage mest mulig forskjellige armbånd når eg først fekk prøvd å lage noko i hestehår.

    Link til videoen eg brukte:
    https://www.youtube.com/watch?v=Hd9MXjtCxUg

    Sku tru at å lage ei så enkel fletta som detta, ville vere lett, men må innrømme at eg såg på både videoen og hestehårene i nokon tima før eg skjønte heilt ka eg sku gjer, da stoppa liksom litt opp, for er jo hestehår som betyr enormt mykje for personen eg sku lage armbånd for. Det var som å prøve å lage noko nytt, og første gong man prøver er materialet gull, og ikkje bare gull, men gull fra ei veldig spesiell gullgruve som no er tom og dette var det siste materialet som var igjen. Med andre ord, får tak i meir hestehår, men ikkje fra denna hesten.

    Noko som ga eit stort press, ville alt sku bli perfekt på første forsøk.

    Lagde nokon tynnere armbånd, før eg fekk til detta med hjerta.
    Brukte mykje tid på å finne endestykker, låser, pynte deler osv, var ikkje lett å finne i Norge så endte tilslutt på Amazon, der hadde de akkurat det eg såg for meg, du kan prøve å søke på jewelry end caps blant anna så får du opp eit fint utvalg av smykkedeler. De har og eit fint utvalg av smykkesteiner 🙂

    Lagde og noko på ein kumihimo disk for første gong.
    Fulgte mønsteret i denna videoen:
    https://www.youtube.com/watch?v=ElCk8HdrQgE

    Kor langt skal armbåndet ver? Må få det på, men må heller ikkje bare detta av. Detta armbåndet blei litt langt, men for kort for smykke, gjekk akkurat dobbelt rundt armen, da fungere jo, men litt vanskelig å ta på sjølv.

    For ein del år sio tok eg nokon wirework kurs, det er ein måte å lage smykker på, dette gav meg muligheten til å lage egne ender, låser og pynt til hestehår armbåndene. Brukte for det meste sølvfarga streng fra hobbybutikk. YouTube hjalp med inspirasjon og oppfriskning av gamle glemte wirework teknikker, og fekk til fine ender og låser tilslutt.

    På dette tidspunktet begynte eg å bli sjølvsikker, eg hadde klart å lage nokon armbånd og datt over ein video med ein fletteteknikk som lagde meir firkanta armbånd, kor kult er ikkje da?
    https://www.youtube.com/watch?v=JODZvSALPY4

    No viste eg kor mykje hestehår som måtte til, funnet litt ut av wirework, funnet rett lim, så endestykkene blir på smykket, kossen holde armbåndene gjevne og fine under wirework prosessen, funnet nokon fine steiner å pynte med. Ja læringskurven i detta prosjektet har egentlig bare gått rett opp. Trur faktisk eg lærte hundre nye ting på nokon månadar

    Eg fekk resten av hestehårene 🙂 Har funnet fleire armbånd eg vil prøve meg på, og mykje småting å lage med de korte hestehårene. Blir fleire blogger med hestehår. Blir øvd meir på wirework teknikker og tenk deg den dagen eg kan lage hestehår armbånd med streng i ekte gull og sølv. Da blir konge!

    -Tussebyga-