Eg er generelt glad i bær. Blåbær er intet unntak, og då er selvfølgelig norske skogs-blåbær dei aller beste. Du veit dei som er lilla inni og har ein heilt nydelig smak.
Plukker man blåbær for hånd og ikkje med bærplukker, får dei små bærene mulighet til å bli store saftige blåbær til neste blåbærtur. Så då er da bare til å smøre seg inn med tolmodighet, og begynne å plukke. Man får god tid til å tenke på alt mellom himmel og jord, og ikkje minst ka skal man laga med blåbærene… syltetøy, muffins, milkshake, saft, tørka nokon? Bær som svømmer i vaniljesaus er nam-nam… Kossen ser ein blåbær-katt ut? osv. I denne bloggen er svarene på nokon av dei spørsmålene eg har hatt på fine turer i blåbærskogen.
Koffor har blåbærene voktere? Eg er ikkje så glad i alle småkrypene, ja og paddene som «vokter» blåbærene. Eg forstår at dei hører til der, men kunne de ikkje tatt fri i nokon timer, akkurat når eg sku plukka blåbær? 😛
Blåbær ville vert skummle med øyner!? «Eye-berry» Hadde ikkje plukt sånne 😛
Mikroskopiske-blåbær? Blåbær-amøbe…
Kossen ser ein blåbær-katt ut? Blåbær-katten er nå katt og blåbær.
Kossen ser ein blåbær-mops ut, og koffor ikkje male den på ein frisbegolf put-put-putter? Detta er ein putter i frisbeegolf, den skal bli brukt på små kast som skal treffe kjettingen som er målet på banen. Denna disken hjelper deg med å enten treffa korgo eller så finner den blåbærlyngen i skogen 😛
Og sist men ikkje minst, blåbær-frosken, var ikkje den søt? Vertfall på avstand 😛
Så ka tenker du på når du plukker blåbær? eller bær generelt, nokon ideer du gjerne sku sett ein tegning av? Send gjerne ein epost til flaskepost@tussebyga.no Så skal eg prøve å få ideen din til live 🙂
Eg hadde tenkt å skrive ein del fakta om appelsiner, men trur eg holder meg til at appelsiner er oransje, friske og vanlig å ha med seg på tur.
Appelsinen er ei krysning mellom mandarin og pomelo.
Denne igjen er ein krysning mellom frosk og appelsin.
Appelsin er ein sitrusfrukt og ein viktig skilde til vitamin C.
C-vitaminer er bra for immunforsvaret, så ka trenger dyslektikere for å holde seg frisk?
Sirkusfrukter.
Ja då går me videre, og siden det er påske, avslutter eg med noen appelsin-kyllinger
Eller denna er vell meir ein klementin-kylling? Klementiner er fascinerende, de har ikkje steiner. Er bier som drar med seg pollen fra andre sitrusfrukter med stein, så ka får du vist du planter ein klementinstein?
Det var ein gong eit land oppe i nord, eit land med fjell og fjordar, der alt var berre velstand. Det einaste folk klaga på var vêret. I dette flotte kongerike var det plenty med regnskyer som kom flygande over by og bygd, før de slapp ned mykje vatn til folk og fe. Vêret var det folk snakka om og ein høyrde stadig vekk, «Nei, no må det slutta å regna, er jo like før hus og heim flyt vekk. Eg kjøper meg ein flybillett til sol og varme der eg kan gå utan sko og til og med bade.»
Det gjekk sju somrar og sju vintrar der folk stadig sa «Dette vêret er ikkje til halda ut, no må skyene sjå til og forsvinne og sola gode dagar bringe.» I dette landet følgde det troll i ord og midt i landet det byrja å gro, ei padda svært lita, men som skulle bli stor på skyer som fôr. Denne padda hadde ei tunge så lang at den kunne ete alle skyene i landet frå midten der den budde. og straks spreidde sola seg over landet, mens skyene fors- vann i store padde-jafs. I ei padda som vaks seg større og større.
Folk vart glade og brune, og trong ikkje lenger fly til Syden for å bade og sole seg, og alt var velstand i sju heile månader til det ikkje var meir mat att. No hadde dei grilla og hatt ferie i så lang tid at alt hadde stoppa opp og ingenting lenger grodde. Alt var knusktørt etter den lange tørketida og folk sa «Nei, no er eg lei av sol og varme, me treng vatn til blomar og dyr, og eg er så solbrent at skyene ville gjeve skygge og hygge.»
Det oppstod stor misnøye i landet, og kvar dag på nyheiter og vêrmelding var det snakk om skyer som ville forsvinne i den sky-etande padda, som no var blitt både stor og feit. Kongen visste knapt si arme råd der han satt og høyrde folket klage. «Nei, no er det nok! Me treng vatn frå oven, så folk sluttar å væra doven, og alt i kongeriket skal gå tilbake til normalt, der alle har mat og kan klage på regnfylte heilagdagar.»
Han sender straks ei melding ut til kongeriket som går slik som dette:
Når kongens melding var over heile internett, var det fleire staute karer som la frå seg iPad-en for å prøve å sigre over padda, og sa, «Ja, eit halvt kongerike, samt ein pokal vil gje meg alt eg trenger og alt som fenger.»
Det var gått tre heile dagar utan at det var noko nytt i landet og folk var framleis alt for varme. Dei som hadde tappert gått frå mobil og internett, var ikkje komne tilbake og på nyheitene heiter det at det var ingen spor å følgje for å finne dei tapre karane.
I ei lita bygd, litt utanfor alt og alle, budde det ein familie i eit lite hus med veldig mykje treigare internett enn resten av landet. Når dei fekk høyre om kongens lovnad, sa eldste sonen i huset, Odd «Eg skal visa den padda eg. Og når eg vinn halve kongeriket, samt pokalen, skal eg bu i det huset med best internett i heile kongeriket og spele dataspelet mitt til eg vert best.»
Sant som sagt, pakka den eldste av brørne, Odd, sekken med mat og drikke, samt den berbare data-en før han sette seg på bussen, og fór av stad for å sigre over padde-monsteret. Då han kom fram, såg han den største padda han nokon gong hadde sett. Sjølv ikkje i eit dataspel fanst det ei så stor padda. Han gjekk bort og sa «Hei, du padde! Slutt å ete opp alle skyene våre!»
Då ser padda ned på den litt bleike guten med data-en i handa og seier «Kven er du for ein, som trur du kan sigre over meg?» «Eg er Odd og er level 21 Wizzard!» Då ler padda høgt. «Er du ikkje komen lenger, eg et slike som deg til frukost.» og *POFF* så vart Odd til ei sky og eten opp i eit jafs av den store padda. Det har seg slik at alt som får padda til å le, vert til skyer.
Det gjekk sju dagar før nyheita om at eldste sonen i huset ikkje var til å finne, og mellomste sønn, Ola, bestemmer seg for å ta turen «Eg skal visa den padda eg. Og når eg vinn halve kongeriket, samt pokalen, skal eg bu i det huset med det beste internett i heile kongeriket og dele videoar og bilete frå mitt fantastiske hus og få mange, mange fylgjarar.»
Sant som sagt, pakka den mellomste av brørne, Ola, sekken med mat og drikke, samt mobilen for å doku- mentere heile turen til sine fylgjarar før han sette seg på bussen, og fór av stad for å ta bilete og sigre over padde-monsteret. Då han kom fram, såg han den største padda han nokon gong hadde sett. Sjølv ikkje på sosiale-medium fanst det ei så stor padda.
Han gjekk bort og sa «Hei, du padde! Slutt å ete opp alle skyene våre!» Då ser padda ned på den litt bleike guten med mobilen i handa og seier «Kven er du for ein, som trur du kan sigre over meg?» «Eg er Ola og har 21 fylgjarar på sosiale-medium!» Då ler padda høgt. «Er du ikkje komen lenger, eg eter sånne som deg til frukost.» og *POFF* så vart Ola til ei sky og eten opp i eit jafs av den store padda.
Ein skulle kanskje tru at folk hadde fått med seg til no at ein ikkje skulle få padda til le, men folk var for opptatt av den glovarme sola og solkrem-krisa i landet, det var ikkje solkrem å finne i verken butikk eller på nett.
Det gjekk sju dagar før nyheita om at mellomste sonen ikkje var til å finne, kom til det vesle huset i bygda litt utanfor alt og alle. Mor og far satt i sofaen og snakka om kor ille vêr og tilstand var for tida, når minstemann kom inn døra. Han hadde vore i skogen og leita etter småkryp og reptil, og når han høyrde nyheita, sa han «Eg skal vise den padda eg. Og når eg sigrar over padda og reddar brørne mine, skal eg få halve kongeriket, samt pokalen som eg kan drikke av når eg er på tur» Han pakka sekken med mat og drikke, samt paddespray før han sette seg på bussen, for å sigre over sky-etaren og gje folk og fe vatn og sol-fred.
Då han kom fram, såg han den største padda han nokon gong hadde sett, sjølv ikkje i skogen fantes det ei så stor padda. Han gjekk bort og sa «Hei, du padde! Slutt å ete opp alle skyene våre!» Då såg padda ned på den vesle guten med noko merkeleg i handa og seier «Kven er du for ein, som trur du kan sigre over meg?» «Eg er Espen og sigrar over mindre padder enn deg kvar dag i skogen.»
Då vart padda rasande og prøver å ete han med den lange tunga si, men rasande gjer ikkje alt til skyer, og den lange tunga berre går i krøll. Espen skundar seg, og sprayar på paddesprayen. Når padda trekkjer til seg tunga, som er full i den verset smaken du kan tenkja deg, blir den så rasande at den sprekk. *POFF* sa det og alle skyene flyg ut, og forandrar seg tilbake til alle dei tapre karane som hadde fått padda til å le. Espen og dei to brørne Odd og Ola tok bussen så fort dei kunne ned til kongen i pøsregnet for å få halve kon- gerike, samt pokalen.
Den dag i dag har det vesle huset, midt i den vesle bygda, det beste internett du kan tenkje deg. Espen sjølv går framleis kongeriket sitt på langs på leit etter nye spennande oppdagingar, medan folket sjølv var glade og nøgde, stor sett, og nøgde seg med å klaga berre litt på vêret i ny og ne.
Eplefrosker kom til Norge på 1700-tallet, trolig jagd oppover fra vest-Asia av fugler og pattedyr som spiser sånt.
De vokser på trær nær innsjøer. I mai-juni kan du se små fine froskeegg-blomster spring fram, de blir ironisk nok pollinert av ynglings-retten til voksen eplefrosk: bananfluer. Før de blir til rompetroll-blomster, romeptroll-epler med små armer og bein, liten eple-frosk med hale, og tilslutt ein fullvoksen eplefrosk. klar for å forlate treet og ha det gøy.
Det fins tre forskjellige arter eplefrosker, de gule, de grønne og de røde. I Norge er det de røde som er mest vanlige.
I august-september kan du se de hoppe rundt, på leiting etter nye plasser å sove, de sover ein heil del, så de fleste bilder så er tatt er av fornøyde sovende eplefrosker.
Ein sjelden gang kan du se dem sosialisere seg, som her, eit eplekaka-pool-party.