Eg hadde tenkt å skrive ein del fakta om appelsiner, men trur eg holder meg til at appelsiner er oransje, friske og vanlig å ha med seg på tur.
Appelsinen er ei krysning mellom mandarin og pomelo.
Denne igjen er ein krysning mellom frosk og appelsin.
Appelsin er ein sitrusfrukt og ein viktig skilde til vitamin C.
C-vitaminer er bra for immunforsvaret, så ka trenger dyslektikere for å holde seg frisk?
Sirkusfrukter.
Ja då går me videre, og siden det er påske, avslutter eg med noen appelsin-kyllinger
Eller denna er vell meir ein klementin-kylling? Klementiner er fascinerende, de har ikkje steiner. Er bier som drar med seg pollen fra andre sitrusfrukter med stein, så ka får du vist du planter ein klementinstein?
Det er ein heilt vanlig dag. Ein dag som alle andre dager, bare tirsdag, skyfri himmel og midt i august.
På Holmedal tidlig denne morgonen, vert hønene vekt av strålande sol og entusiastisk kakling frå den høna sola fant først. Sanden utanfor er perfekt for et morgon-sandbad og det grøne graset masserer glade hønseføtter.
Ei av hønene føler seg overmodig denne morgonen og snik seg fleire meter utanfor inngjerdingen. Til det grønaste, høgste, flotteste graset, kor ingen høner før har sett sine spor.
Men ut av det blå! kva er det? Noko kvitt, flygande. Nei, no vert den større og større og mørkare og mørkare. «Klukk, klukk, baaakk!» Dråper! Vann! Fra oven! Den har spist sola og no begynner den å sikle! Den kjem til å spisa oss alle!
Få panikk!
Hønene spring i full fart mot hønsehuset. Det oppstår eit fuglekaos! Når alle hønene er kommen seg i sikkerhet, står den overmodige høna igjen på feil side av gjerdet. Panikken har slått til for fullt, inngangen er ikkje til å finne. Ho kjenner siklet i nakken og pusten i fjærene. Der! Ho smatt gjennom gjerdet og inn i hønsehuset. Ho er gjennomsikla, men i live!
Alle dei andre hønene ser forskrekka på ho. «Klukk, bakk, bakk, klukk» diskusjonen er begynt. Den modigste av hønene går varsomt mot det rufsete fjærkreet som pustar tungt mot gulvet. I det fjærkreet blir gjenkjennelig, klukker oppdageren høgt til dei andre, kom og hjelp. Resten av hønseflokken kjem til unnsetning, med varme og visdoms-klukker. Dagen er redda!
På denna dramatiske tirsdagen midt i august, blei det ein lykkelig slutt for hønene på Holmedal gård.
Var så heldig å fekk laga figurteater av historien på Kvinnherad bibliotek. Det var eit stort og spennande prosjekt som tok form etterhvert som dukker, kulisser og innhold var på plass. Blei ganske bra tilslutt 🙂
Her er video fra eine forestillingen, gjer deg klar for 15 minutt kakling 😛
Hadde tenkt å skriva blogg før, under og etter forestillingen med kossen dukker osv vert lagd, kossen da var å framføre foran eit publikum, og alt eg hadde lært av prosjektet i ettertid, men trur eg heller skrive denna bloggen, med historien, video fra forestillingen og nokon bilder som seier meir enn ord 😛
Det var ein fantastisk reisa som blei fullført med stil, og no går eg vidare til neste prosjekt med mest sannsynlig samme mengde utfordringer og ser fram til å finne løsningane 🙂