Stikkord: kumihimo

  • Hestehår armbånd

    Hestehår armbånd

    Eg har hørt at alle gode hester, kjeme til himmelen med halv hale…

    Kanskje det er fint å lage eit fint lite minne med hestehårene som ligger igjen?

    Som for eksempel hestehår armbånd.

    Har egentlig aldri tenkt på at det er mulig å lage armbånd med hestehår, men er jo egentlig ein selvfølge, Det er egentlig det perfekte materialet for å lage fletter med, slitesterkt, langt, naturlig, veldig fint, lett å klippe av i endene, da og gjorder prosessen med å feste endestykker lettere.

    Eg brukte lang tid på sortering, for ville prøve å lage mest mulig forskjellige armbånd når eg først fekk prøvd å lage noko i hestehår.

    Link til videoen eg brukte:
    https://www.youtube.com/watch?v=Hd9MXjtCxUg

    Sku tru at å lage ei så enkel fletta som detta, ville vere lett, men må innrømme at eg såg på både videoen og hestehårene i nokon tima før eg skjønte heilt ka eg sku gjer, da stoppa liksom litt opp, for er jo hestehår som betyr enormt mykje for personen eg sku lage armbånd for. Det var som å prøve å lage noko nytt, og første gong man prøver er materialet gull, og ikkje bare gull, men gull fra ei veldig spesiell gullgruve som no er tom og dette var det siste materialet som var igjen. Med andre ord, får tak i meir hestehår, men ikkje fra denna hesten.

    Noko som ga eit stort press, ville alt sku bli perfekt på første forsøk.

    Lagde nokon tynnere armbånd, før eg fekk til detta med hjerta.
    Brukte mykje tid på å finne endestykker, låser, pynte deler osv, var ikkje lett å finne i Norge så endte tilslutt på Amazon, der hadde de akkurat det eg såg for meg, du kan prøve å søke på jewelry end caps blant anna så får du opp eit fint utvalg av smykkedeler. De har og eit fint utvalg av smykkesteiner 🙂

    Lagde og noko på ein kumihimo disk for første gong.
    Fulgte mønsteret i denna videoen:
    https://www.youtube.com/watch?v=ElCk8HdrQgE

    Kor langt skal armbåndet ver? Må få det på, men må heller ikkje bare detta av. Detta armbåndet blei litt langt, men for kort for smykke, gjekk akkurat dobbelt rundt armen, da fungere jo, men litt vanskelig å ta på sjølv.

    For ein del år sio tok eg nokon wirework kurs, det er ein måte å lage smykker på, dette gav meg muligheten til å lage egne ender, låser og pynt til hestehår armbåndene. Brukte for det meste sølvfarga streng fra hobbybutikk. YouTube hjalp med inspirasjon og oppfriskning av gamle glemte wirework teknikker, og fekk til fine ender og låser tilslutt.

    På dette tidspunktet begynte eg å bli sjølvsikker, eg hadde klart å lage nokon armbånd og datt over ein video med ein fletteteknikk som lagde meir firkanta armbånd, kor kult er ikkje da?
    https://www.youtube.com/watch?v=JODZvSALPY4

    No viste eg kor mykje hestehår som måtte til, funnet litt ut av wirework, funnet rett lim, så endestykkene blir på smykket, kossen holde armbåndene gjevne og fine under wirework prosessen, funnet nokon fine steiner å pynte med. Ja læringskurven i detta prosjektet har egentlig bare gått rett opp. Trur faktisk eg lærte hundre nye ting på nokon månadar

    Eg fekk resten av hestehårene 🙂 Har funnet fleire armbånd eg vil prøve meg på, og mykje småting å lage med de korte hestehårene. Blir fleire blogger med hestehår. Blir øvd meir på wirework teknikker og tenk deg den dagen eg kan lage hestehår armbånd med streng i ekte gull og sølv. Da blir konge!

    -Tussebyga-