Stokkdumsaurus

Eit nytt og spennande fossil vart funne i ei myr i Noreg for ikkje så lenge sidan. Skjeletta vart funne ved sida av trestokken, og paleontologane er no heilt sikre på at dei høyrer saman. Skjeletta er datert 100 millionar år tilbake i tid, då dei mektige dinosaurane vandra på jorda.
“Dette er eit revolusjonerande funn. Me har endeleg funne forfedrane til pinnedyret”, seier Knut Olsen, som jobbar som ekspert på fossil og andre gamle ting på naturhistorisk museum i Oslo.
Mykje tyder på at trestokkdyret, som har fått det vitskapelege namnet Stokkdumsaurus, var blant dei stolte og majestetiske herskarane i dinosaurtida, den kunne bli opp til sju meter lang og vege opp mot tre tonn.
Denne store og tunge dinosauren hadde seks solide bein og gå på, og følehorn som visste når eit bytte var i nærleiken. På land gjekk den seint, der åt den alt som var nær nok. I vatnet kunne den flyte mykje fortare, spesielt med vinden, men angrepet var like uventa og dødeleg både på land og i vatn.
Angrepet var som regel godt taima og så eksplosivt at byttet ikkje rakk å komme seg vekk. Den brukte sine fantastiske kamuflasjeeigenskaper til å snike seg innpå byttet, før den heiv seg rundt og slo byttet i hovudet med sitt harde barkskall. På trestokken som vart funne saman med skjelettet, ser me tydelege teikn til slåsskamp.
Mykje tyder på at trestokkdyret var stokk dum, paleontologane har enno ikkje funne noko plass til hjernen, berre bark. Dette stoppa ikkje dette majestetiske vesenet som brukte instinkta sine til å jakte og herske på jorda.
Kvart sjuande år fløyt den ned til botn av elva, kor den kom i frå, for å finne ein mogeleg stokkdum partner, før den på nytt kunne vandre på nye eventyr.
“Under utryddelsen av dinosaurane vart trestokkdyret delt til greindyr som til slutt danna pinnedyret som me kjenner til i dag”, tilfører Knut Olsen som er veldig nøyd med funnet.

Trestokkdyr-bloggjpg

Pinnedyr (Phasmatidae)

pinnedyrpng

Greindyr (Phobeatiadae)

Greindyrpng

Trestokkdyr (Stokkdumsaurus)

Trestokkdyretpng

Kommentarer

Legg inn en kommentar