Eg er generelt glad i bær. Blåbær er intet unntak, og då er selvfølgelig norske skogs-blåbær dei aller beste. Du veit dei som er lilla inni og har ein heilt nydelig smak.
Plukker man blåbær for hånd og ikkje med bærplukker, får dei små bærene mulighet til å bli store saftige blåbær til neste blåbærtur. Så då er da bare til å smøre seg inn med tolmodighet, og begynne å plukke. Man får god tid til å tenke på alt mellom himmel og jord, og ikkje minst ka skal man laga med blåbærene… syltetøy, muffins, milkshake, saft, tørka nokon? Bær som svømmer i vaniljesaus er nam-nam… Kossen ser ein blåbær-katt ut? osv. I denne bloggen er svarene på nokon av dei spørsmålene eg har hatt på fine turer i blåbærskogen.
Koffor har blåbærene voktere? Eg er ikkje så glad i alle småkrypene, ja og paddene som «vokter» blåbærene. Eg forstår at dei hører til der, men kunne de ikkje tatt fri i nokon timer, akkurat når eg sku plukka blåbær? 😛
Blåbær ville vert skummle med øyner!? «Eye-berry» Hadde ikkje plukt sånne 😛
Mikroskopiske-blåbær? Blåbær-amøbe…
Kossen ser ein blåbær-katt ut? Blåbær-katten er nå katt og blåbær.
Kossen ser ein blåbær-mops ut, og koffor ikkje male den på ein frisbegolf put-put-putter? Detta er ein putter i frisbeegolf, den skal bli brukt på små kast som skal treffe kjettingen som er målet på banen. Denna disken hjelper deg med å enten treffa korgo eller så finner den blåbærlyngen i skogen 😛
Og sist men ikkje minst, blåbær-frosken, var ikkje den søt? Vertfall på avstand 😛
Så ka tenker du på når du plukker blåbær? eller bær generelt, nokon ideer du gjerne sku sett ein tegning av? Send gjerne ein epost til flaskepost@tussebyga.no Så skal eg prøve å få ideen din til live 🙂
Eg har ein søt liten hund, mest border collie som heiter Tyra. Ho er selvfølgelig til stor inspirasjon i bilder og ting eg lager.
Som de fleste hunder syns ho ekorn er noko av da kjekkeste som finst, heldigvis kan ikkje hunder klatre, men da stopper ho ikke fra å prøve å klatre opp til da litt sinte vesenet i treet. Eg må innrømme at eg og syns ekorn er ganske fascinerande. Det ser sikkert litt rart ut for alle som går forbi når me bare står der og ser opp i eit tre, men da kan eg leve med 😛
Alle har vell sett istid, og kjenner igjen sabeltann-ekornet Scrat? Tipper da var yndlingsdyret til sabeltann-collien, da viktigste var nok å samle alle sabeltann-ekorn ein anna plass enn der eike-nøttene var 😛
Me forsette med fan art, på godt norsk. Nokon som har spelt Crash Bandicoot? Då har du nok møtt på Dingodile, med flammekasteren sin. https://www.youtube.com/watch?v=vdaVJ3zon0Y
Ein dingo er ein australsk villhund, og ein dile, eller vell ein krokodille. Tyra er fluffy og søt, men er ein caiman innerst inne. Til andre hunders forbauselse, ho ligger lavt og snapper godt når de kommer for nært. Ein Tyra Dingodile ser nok sånn ut:
Dingodile skyter flammer, men Tyra er ekstremt glad i rennande vann om det er bekker eller vannslange, så passe bedre med vannpistol til ho.
Sist men ikkje minst, ka er ein border collie uten tennisball? Tipper verken ein border collie småfugl kan ver lykkelig uten?
Akkurat som det er ikkje da samma å gå nokon plass uten den litt stae glad-fisen av ein hund eg har 🙂
Håper alle har noko som gjer like mykje inspirasjon og lykke som Tyra gjer til meg 🙂 -Tussebyga-
Endeleg er snøen her. I monster-nabolaget vårt er det no fleire meter med snø. Det er nok snø til at sjølv dei største monsterungane kan gøyma seg i snøborgene. Alle har gleda seg veldig sidan førre snødag. Hue, vottar, skjerf og varme kler er tatt fram, og alle er så godt pakka inn i kler som det går ann. Det vil seie alle utanom snømonsteret. Han synest det endeleg er passeleg temperatur ute i dag.
Alle monsterungane står på rekke føre dei to kapteinane, Kristian og Monstersaurus, som skal til å velgje lag. Snømonster, flaggerkatter, landfisker og alle dei andre monstera vert delt opp i noko lunde jamne lag, før dei går til kvar si snøborg for å snakke taktikk. Det gjeld å leggja den beste planen slik at ein kan gå sigrande ut av snøballkrigen, for vinnarane får laurdag-godtet til det tapande laget, det er alt frå sjokoladetrekte kakerlakkar, sukker-spindelvev til andre søtsaker. Dette kan ein ikkje tape.
Det er nokre reglar som må fyljast for å få ein kjekk snøballkrig for alle, og reglene er som følge:
Snøballar skal kunn innehalde snø
Dei store monsterne har ikkje lov til å sitte seg på dei små monsterne
Laga skal ha kvart sitt namn
Laget som riv ned det andre laget si borg, vinn. snøballkrigen
Det laget som vinn, får all snopet til laget som taper
Josefine vert alltid valt sist, ho er eit småmonster som ikkje kaster spesielt langt, ikkje er ho spesielt rask heller, og det hjelper ikkje å gøyma seg med det knall rosa monsterskinnet ho har. Denne gongen hamnar ho på monsterlaget Slim, som har Kristian som kaptein. Han er rask og atletisk og kastar presist. På det andre laget, Stank, er Monstersaurus kaptein. Han er større enn alle dei andre. Han vann i stein, saks, papir før dei byrja, med saks mot papir, og fekk velja fyrst. Han valde Edd-Linn som er eit edderkopp monster. Ho kan laga strekt spindelvev som beskyttar snøballborgen og held flygemonsterne ute.
Snøballkrigen byrjar på klar, ferdig, gå! Nokon spring med ein gong bort for å rive ned den andre borga, medan andre vert att for å forsvare si snøborg. Snøballkrigen er lenge jamn, begge borgene er bra bygd og toler mykje. Lag Stank har spindelvev og lag Slim har monster-krokodiller som hjelper til med å halde inntrengarar ute.
Sakte men sikkert byrjar lag Slim si borg å slå sprekker. Josefine kan sjå gjennom dei nye hola i snøborga at det er Monstersaurus, laget hennar slit med å halde ute. På den andre snøborga heng det fast både flygemonster og monsterkrokkodiller i spindelveven til Edd-Linn, som no har fått lagd eit så sterkt spindelvev at ingen på laget Slim er i nærleiken av å få ned laget Stank si borg.
Laget Stank har snart sigeren i boks når mammamonsteret til kapteinen, Monstersaurus, roper og seier at han er nøydt å komme heim å ete middag, før han får forsette med den koselege snøballkrigen sin. Laget hans er no ein sikker vinner, så han sett Edd-Linn til å ta over som kaptein, dei ville fint klare å vinne utan han og han lovar å væra monster rask til å ete maten sin og når han er ferdig med middagen, skal han skunde seg tilbake og dele snopet dei garantert har vunne. I det Monstersaurus går inn døra heime, fortsett snøballkrigen og ein stor snøball med stein kjem i monster fart og treff Josefine. Ho hadde endeleg tort å snike seg ut av snøballborga for fyrste gong, og no byrja ho å grine etter den urettferdige steinen treff ho midt på nasen. Fyrst roper ho «den hadde stein i seg, det er juks!» men ingen ser ut til å bry seg. Då vert ho enda meir sint og bles seg opp til ein kjempestor rosa, sinna-ball med piggar og ruller over alle monstera på sin veg og rett gjennom spindelveven til Edd-Linn og raserer heile Stank si borg.
Det tek ikkje lang tid før Monstersaurus kjem springane med saus på haka. Han har slukt maten som han lovde, og er på veg tilbake for å hente godteriet sitt då han høyrer eit brak. «Kva er det som skjer!?»
Når han kjem opp til snøballkrigen ser han heile laget hans med monster, ligg strødd rundt over og under snø og spindelvev. Borga er blitt ein stor snøhaug med monster hulter til bulter inni, med Josefine sitjande liten, søt og rosa på toppen.
«Korleis er det mogleg? Me hadde jo så godt som vunne!» Sur går Monstersaurus heim att for å hente laurdags-godtet sitt. Laget Slim har vunne og han som alle andre på laget Stank må gje snopet sitt videre til Kristian, Josefine og resten av vinnarlaget.
Josefine vart aldri vald sist att, og ingen veit heilt kva, men noko gjorde ho vertfall veldig sint førre gong. Frå no av vil ingen vera på motstandarlaget neste gong ho vert like sint.
Eg hadde tenkt å skrive ein del fakta om appelsiner, men trur eg holder meg til at appelsiner er oransje, friske og vanlig å ha med seg på tur.
Appelsinen er ei krysning mellom mandarin og pomelo.
Denne igjen er ein krysning mellom frosk og appelsin.
Appelsin er ein sitrusfrukt og ein viktig skilde til vitamin C.
C-vitaminer er bra for immunforsvaret, så ka trenger dyslektikere for å holde seg frisk?
Sirkusfrukter.
Ja då går me videre, og siden det er påske, avslutter eg med noen appelsin-kyllinger
Eller denna er vell meir ein klementin-kylling? Klementiner er fascinerende, de har ikkje steiner. Er bier som drar med seg pollen fra andre sitrusfrukter med stein, så ka får du vist du planter ein klementinstein?
Ka er din favoritt milkshake smak? Min er jordbær milkshake med litt banan. Bananen har mykje smak, så holder med litt, skal smake mest jordbær og milkshaken skal ver rosa. Så har det perfekte milkshake bæret då litt for mykje banan i seg? Tipper det er akkurat passe 🙂
Eg var i tvil om eg kunne kalle bæret det perfekte milkshake bær, siden alle «frøene» i dette bæret er bananer. Så eg søkte litt på nettet, og fant ut at jordbær rett og slett ikkje er eit bær, men ein frukt. Eller såkalt falsk frukt eller hjelpefrukt.
Falsk frukt eller hjelpefrukt blir beskrive med så fancy ord at eg ikkje heilt skjønte, men eksempler på sånne frukter er epler, nyper og jordbær, der den gode spiselige frukten av disse «fruktene» er i hovedsak ein blomsterbunn. Og ein blomsterbunn er ikkje ein del av den ekte frukten. Derfor falsk frukt.
Den ekte frukten på jordbæret er alle de små nøttene utpå, dei me kaller frø. Sjølve planten er ein flerårig urt.
Oppsummert: Det gode spiselige fruktkjøttet på jordbæret er oppsvulma og saftig blomsterbunn, den egentlige frukten er smånøttene utpå, Og sjølve jordbærplanten er ein urt. Men det er bær i navnet på jordbær, så me går for at jordbær er det perfekte milkshake bær.
Så har me banan. Og då havner man fort i eit kaninhull på nettet. Botanisk sett er bananen eit bær. Den ville varianten av banan er mindre, rundere og fult i store frø. Noe som høres ut som eit bær ja. Men det er ikkje denne bananen me kjøper i butikken. Den me kjøper i butikken er større, avlang og så godt som frø-fri.
Bananplanten, som minner om ein palme er egentlig bare ein veldig stor urt. Ein urt som kun formere seg ved rotskudd. For frøene fra den nye bananene me spiser i dag, er nesten vekke. Du kan kanskje finne noko som minner om eit frø i bananen, men du vil ikkje få ein bananplante med å sette det i jorda. Det er og vanlig å ta utløperne på jordbærplanten for å få fleire planter, men der kan du og bruke frøene vist du vil.
Konklusjon: Jordbær er ikkje bær. Vill banan er bær, men butikk-banan er framdeles bær eller frukt? Det einaste som egentlig er sikkert her, er at det perfekte milkshake bær vokser på ein urteplante, Alt anna kan diskuteres.
Det var ein gong eit land oppe i nord, eit land med fjell og fjordar, der alt var berre velstand. Det einaste folk klaga på var vêret. I dette flotte kongerike var det plenty med regnskyer som kom flygande over by og bygd, før de slapp ned mykje vatn til folk og fe. Vêret var det folk snakka om og ein høyrde stadig vekk, «Nei, no må det slutta å regna, er jo like før hus og heim flyt vekk. Eg kjøper meg ein flybillett til sol og varme der eg kan gå utan sko og til og med bade.»
Det gjekk sju somrar og sju vintrar der folk stadig sa «Dette vêret er ikkje til halda ut, no må skyene sjå til og forsvinne og sola gode dagar bringe.» I dette landet følgde det troll i ord og midt i landet det byrja å gro, ei padda svært lita, men som skulle bli stor på skyer som fôr. Denne padda hadde ei tunge så lang at den kunne ete alle skyene i landet frå midten der den budde. og straks spreidde sola seg over landet, mens skyene fors- vann i store padde-jafs. I ei padda som vaks seg større og større.
Folk vart glade og brune, og trong ikkje lenger fly til Syden for å bade og sole seg, og alt var velstand i sju heile månader til det ikkje var meir mat att. No hadde dei grilla og hatt ferie i så lang tid at alt hadde stoppa opp og ingenting lenger grodde. Alt var knusktørt etter den lange tørketida og folk sa «Nei, no er eg lei av sol og varme, me treng vatn til blomar og dyr, og eg er så solbrent at skyene ville gjeve skygge og hygge.»
Det oppstod stor misnøye i landet, og kvar dag på nyheiter og vêrmelding var det snakk om skyer som ville forsvinne i den sky-etande padda, som no var blitt både stor og feit. Kongen visste knapt si arme råd der han satt og høyrde folket klage. «Nei, no er det nok! Me treng vatn frå oven, så folk sluttar å væra doven, og alt i kongeriket skal gå tilbake til normalt, der alle har mat og kan klage på regnfylte heilagdagar.»
Han sender straks ei melding ut til kongeriket som går slik som dette:
Når kongens melding var over heile internett, var det fleire staute karer som la frå seg iPad-en for å prøve å sigre over padda, og sa, «Ja, eit halvt kongerike, samt ein pokal vil gje meg alt eg trenger og alt som fenger.»
Det var gått tre heile dagar utan at det var noko nytt i landet og folk var framleis alt for varme. Dei som hadde tappert gått frå mobil og internett, var ikkje komne tilbake og på nyheitene heiter det at det var ingen spor å følgje for å finne dei tapre karane.
I ei lita bygd, litt utanfor alt og alle, budde det ein familie i eit lite hus med veldig mykje treigare internett enn resten av landet. Når dei fekk høyre om kongens lovnad, sa eldste sonen i huset, Odd «Eg skal visa den padda eg. Og når eg vinn halve kongeriket, samt pokalen, skal eg bu i det huset med best internett i heile kongeriket og spele dataspelet mitt til eg vert best.»
Sant som sagt, pakka den eldste av brørne, Odd, sekken med mat og drikke, samt den berbare data-en før han sette seg på bussen, og fór av stad for å sigre over padde-monsteret. Då han kom fram, såg han den største padda han nokon gong hadde sett. Sjølv ikkje i eit dataspel fanst det ei så stor padda. Han gjekk bort og sa «Hei, du padde! Slutt å ete opp alle skyene våre!»
Då ser padda ned på den litt bleike guten med data-en i handa og seier «Kven er du for ein, som trur du kan sigre over meg?» «Eg er Odd og er level 21 Wizzard!» Då ler padda høgt. «Er du ikkje komen lenger, eg et slike som deg til frukost.» og *POFF* så vart Odd til ei sky og eten opp i eit jafs av den store padda. Det har seg slik at alt som får padda til å le, vert til skyer.
Det gjekk sju dagar før nyheita om at eldste sonen i huset ikkje var til å finne, og mellomste sønn, Ola, bestemmer seg for å ta turen «Eg skal visa den padda eg. Og når eg vinn halve kongeriket, samt pokalen, skal eg bu i det huset med det beste internett i heile kongeriket og dele videoar og bilete frå mitt fantastiske hus og få mange, mange fylgjarar.»
Sant som sagt, pakka den mellomste av brørne, Ola, sekken med mat og drikke, samt mobilen for å doku- mentere heile turen til sine fylgjarar før han sette seg på bussen, og fór av stad for å ta bilete og sigre over padde-monsteret. Då han kom fram, såg han den største padda han nokon gong hadde sett. Sjølv ikkje på sosiale-medium fanst det ei så stor padda.
Han gjekk bort og sa «Hei, du padde! Slutt å ete opp alle skyene våre!» Då ser padda ned på den litt bleike guten med mobilen i handa og seier «Kven er du for ein, som trur du kan sigre over meg?» «Eg er Ola og har 21 fylgjarar på sosiale-medium!» Då ler padda høgt. «Er du ikkje komen lenger, eg eter sånne som deg til frukost.» og *POFF* så vart Ola til ei sky og eten opp i eit jafs av den store padda.
Ein skulle kanskje tru at folk hadde fått med seg til no at ein ikkje skulle få padda til le, men folk var for opptatt av den glovarme sola og solkrem-krisa i landet, det var ikkje solkrem å finne i verken butikk eller på nett.
Det gjekk sju dagar før nyheita om at mellomste sonen ikkje var til å finne, kom til det vesle huset i bygda litt utanfor alt og alle. Mor og far satt i sofaen og snakka om kor ille vêr og tilstand var for tida, når minstemann kom inn døra. Han hadde vore i skogen og leita etter småkryp og reptil, og når han høyrde nyheita, sa han «Eg skal vise den padda eg. Og når eg sigrar over padda og reddar brørne mine, skal eg få halve kongeriket, samt pokalen som eg kan drikke av når eg er på tur» Han pakka sekken med mat og drikke, samt paddespray før han sette seg på bussen, for å sigre over sky-etaren og gje folk og fe vatn og sol-fred.
Då han kom fram, såg han den største padda han nokon gong hadde sett, sjølv ikkje i skogen fantes det ei så stor padda. Han gjekk bort og sa «Hei, du padde! Slutt å ete opp alle skyene våre!» Då såg padda ned på den vesle guten med noko merkeleg i handa og seier «Kven er du for ein, som trur du kan sigre over meg?» «Eg er Espen og sigrar over mindre padder enn deg kvar dag i skogen.»
Då vart padda rasande og prøver å ete han med den lange tunga si, men rasande gjer ikkje alt til skyer, og den lange tunga berre går i krøll. Espen skundar seg, og sprayar på paddesprayen. Når padda trekkjer til seg tunga, som er full i den verset smaken du kan tenkja deg, blir den så rasande at den sprekk. *POFF* sa det og alle skyene flyg ut, og forandrar seg tilbake til alle dei tapre karane som hadde fått padda til å le. Espen og dei to brørne Odd og Ola tok bussen så fort dei kunne ned til kongen i pøsregnet for å få halve kon- gerike, samt pokalen.
Den dag i dag har det vesle huset, midt i den vesle bygda, det beste internett du kan tenkje deg. Espen sjølv går framleis kongeriket sitt på langs på leit etter nye spennande oppdagingar, medan folket sjølv var glade og nøgde, stor sett, og nøgde seg med å klaga berre litt på vêret i ny og ne.
Eplefrosker kom til Norge på 1700-tallet, trolig jagd oppover fra vest-Asia av fugler og pattedyr som spiser sånt.
De vokser på trær nær innsjøer. I mai-juni kan du se små fine froskeegg-blomster spring fram, de blir ironisk nok pollinert av ynglings-retten til voksen eplefrosk: bananfluer. Før de blir til rompetroll-blomster, romeptroll-epler med små armer og bein, liten eple-frosk med hale, og tilslutt ein fullvoksen eplefrosk. klar for å forlate treet og ha det gøy.
Det fins tre forskjellige arter eplefrosker, de gule, de grønne og de røde. I Norge er det de røde som er mest vanlige.
I august-september kan du se de hoppe rundt, på leiting etter nye plasser å sove, de sover ein heil del, så de fleste bilder så er tatt er av fornøyde sovende eplefrosker.
Ein sjelden gang kan du se dem sosialisere seg, som her, eit eplekaka-pool-party.
Veit du ka som er lurt? Skriva bloggen når du faktisk holder på med da du skal skriva om. Tenk kor god denna teksten ville vert vist eg skreiv alt eg lærte for fem måneder siden, når eg nettopp var ferdig å laga tråd fra lokal ull, og ville lage vennearmbånd av alle de små søte nøstene eg hadde lagd med karder og håndtein.
Denna teknikken vil se bedre ut med jevnere tråd, min heimelaga tråd hadde kanskje litt for mykje sjarm 😛 men framdeles eit kjekt lite armbånd å prøve seg på, det er forskjellige variasjoner med færre og fleire tråder som du skal flette, men teknikken er den samme, så kan du ein, får du til dei andre og. Detta er noko unger på barneskulenivå kan få til 🙂
Neste armbånd er litt meir fancy, men framdeles fult mulig for unger å lage. Vennearmbånd nummer to er lagd med ein teknikk som heite kumihimo. Det høres dyrt og avansert ut, men er relativt enkelt og man kan lage sin eigen kumihimo disk i papp vist man vil. Eg kjøpte ein skumgummi-skive på Panduro til 50 kroner, den gangen. https://panduro.com/nb-no/products/smykker-accessoirer/smykkev%C3%A6rktoej/ovrige-smykkevarktoj/kumi… Det fins også firkanta og større skiver, Dei har eg ikkje fått prøvd endå. (Må muligens bestilles fra utlandet)
Litt om kumihimo: Kumihimo er ein tradisjonell japansk måte å lage fletta bånd på, metoden hadde egentlig eit meir avansert oppsett, men prinsippene er den samme i den moderne skumgummi-platen som er blitt så populær i dag.
Eg er litt usikker på kass video eg brukte, men var vertfall kumihimo med åtte tråder. Så ligger med denne YouTube videoen: https://www.youtube.com/watch?v=lWi8zW4e1X8 Brukte den loopen som blei vist i videoen til det første vennearmbåndet på kumihimo armbåndene mine og.
Er faktisk ganske kjekt å laga kumihimo armbånd. Og egentlig ganske enkelt, Det er bare å følge tallene og flytte tråden til rett plass, så danner det seg eit flott bånd under platen, som du velger akkurat kor lang du vil ha. (så lenge du har nok tråd)
Når du har fått inn rytmen i å lage kumihimo bånd, kan du sjekka ut denna sio: https://friendship-bracelets.net/patterns/kumihimo Linken går rett til kumihimo mønstrene, og det fine er, får du til ein, er de samme prinsippene i alle de andre kumihimo mønstrene, bare færre og fleire tråder å holde styr på.
Ein ting til: Du må ikkje ha ein sånn loop i begynnelsen av tråden, men er praktisk i forhold til å ta av og på armbåndet når det passer deg 🙂 Eg har eit enkelt lite armbånd med fire fletta tråder som eg knytte fast på armen i september. Må sei at den sjølvlaga ulltråden er slitesterk. Til no er armbåndet bare litt frynsete i endane og bittelittegranne falma. Spesielt den tråden som er farga med blåbær.
Planen min er å prøve meg på eit av de større mønstrene når eg har fått lagd meg meir tråd 😛 Vil og prøve denna begynnelsene på armbåndet: https://www.youtube.com/watch?v=veROHvJUDas&t=1s Var ikkje da ein fin loop?
Kjøpte ull fra svartfjessau på Holmedal for nokon måneder sio. Søkte litt på nettet etter ka eg kan lage med ull, og da dukka opp eit heilt åpenbart svar… garn. Burde jo klart å tenka på da uten hjelp fra internett, men då var neste spørsmål, kossen?
Da blei ei lang reisa gjennom YouTube, på norsk, svensk, dansk, engelsk, og har ikkje peiling språk med og uten tekst. Er jo tradisjon å laga garn, og tydeligvis mykje arbeid.
Første steg: vask ulla, heilt seriøst, den stinker…
Detta er bildet eg tok av prosessen, eg må seriøst bli flinkare å dokumentere.
Steg to: tørking av ull. Hadde seriøst ull i heile leiligheten, noko hunden ikkje virka fornøyd med.
Steg fire: lag tråd. Her er da ein fordel å ha ein spinnerokk og da blir absolutt neste investering i lag med kardemaskinen. Eit billigere alternativ er ein håndtein, den tar og mindre plass, og er egentlig litt gøy å laga garn med, vist du bare skal ha litt garn. https://www.youtube.com/watch?v=fluxW3WDNZs Da tok litt øving, men fekk da nå ganske ok til tilslutt. Må og innrømme at eg stort sett spolte gjennom de fleste videoene og da tok litt tid før eg fekk med meg at tråden måtte ligge dobbelt. Fant ein teknikk som fungerte noko lunde ok, men skal sei da bydde på problemer å få spint trådane sammen.
Eg valgte å prøve å farge garnet med naturlig fargestoffer. Det er lettere å fagre med Alun, det finnes naturlig i naturen, men er nok greiast å ha ein anna plass enn kjøkkenet å koke garn på då. Så eg gjekk for å koke opp garn i kvit eddik, koke opp bær og sånt utenom, så koke garn og fargevatn sammen, prosessen tar ca. to timer. Garnnøstene på bildet er farga med røde roseblader, gulrot stilker, rødbete (ja rødbete) bjørnebær og blåbær. Det virker som at skal man farga garn uten Alun kan man velge mellom gul og lilla? er vertfall noko eg vil eksperimentere med litt videre, er egentlig ganske spennende 🙂 Garnet er vasket i vaskemaskinen på 30 grader, så fargen holder. Prøvde og med rips, da funka ikkje.
Konklusjon: Å lage egent garn er stas. Eg vil nok investere i ein kardemaskin og spinnerokk, kanskje eg kan strikke noko av garnet då, men fram til dess blir da armbånd 😛 Farging av garn er kjempe kjekt, neste blir nok å prøve rognebær eller valnøttskall.