Bjørnebær-monsteret

Skrevet av

i

I ein tett skog i eit land langt nord, bur det eit bjørnebær-monster. Det er stort og fult i pigger, sylskarpe som bjørneklør. Ingen tørr å gå i veien for detta monsteret og det gjer akkurat som det vil.

På seinsommaren får den saftige blå-svarte bær over heile seg som den selvfølgelig nekter å dele med nokon som helst. Andre monster spør ofte om å få smake, men bjørnebær-monsteret berre brøler «NEEEII! Eg deler ikkje med nokon og kjeme du nærmere så stikker eg deg!»

Ein tidlig høst våkner bjørnebær-monsteret av noko som kiler og freser, vesena flyr så fort at han ikkje klarer å sjå kva det er. Men det er tydelig at kva nå enn da er, stikker dei av med de saftige blå-svarte bærene. Bjørnebær-monsteret slå rundt seg med de lange tornete stenglene sine, men han er for stor og treig, og han slår rundt seg til ingen nytte.

Han spør dei andre monsterene om hjelp, men dei seier berre «NEEEII, Kjemer vi nærmere så bare stikker du oss!»
Bjørnebær-monsteret går irritert videre å mumler. «makan til frekke monster, eg trenger dei ikkje, eg fikser dette sjølv»

Heile dagen går bjørnebær-monsteret rundt å irritere seg over dei små skapningene som stjeler bærene, og når natta kommer får han ikkje sove, han klør heilt til morgenen og hører plutselig ei stemma som seier: «Du har fått insekts-ugler»
Kven er du og kva er det? Knurrer bjørnebær-monsteret tilbake.
«Eg er Aria og insekts-ugler er luftens baroner, dei er så smidige at du aldri kommer til å fanga ein einaste ein, og du har mange! Men eg kan hjelpa deg.»
Bjørnebær-monsteret ser no at det ei lita tusse som snakker til han, ho står oppe på ein stubbe og holder ei lita flaske. «Med insekts-ugle-middelet mitt blir du kvitt plagsomme insekts-ugler i ein fei.»
Bjørnebær-monsteret synes det høres heilt supert ut «kva skal du ha for den?»
«Ikkje så mangt» sier tussen og forsetter med »bare nokon av bæra dine kvar seinsommar til litt ut på høsten»
«Det skjer ikkje! Mine bær, verken du eller insekt-uglene får bæra mine!» Sur går bjørnebær-monsteret vidare og mumler for seg sjølv, «makan til frekk litten tusse, er mine bær, eg deler ikkje med nokon»

Etter den tredje søvnlause natta med insekts-ugle angrep, begynte bjørnebær-monsteret å bli rimelig gretten, imponerande nok meir gretten enn vanlig.

Bjørnebær-monsteret brumler sint rundt i skogen når den lille tussen dukker opp igjen.
«Eg kan hjelpa deg eg, før de siste bæra dine forsvinne i insekts-ugler» sier ho.
I det faller eit bjørnebær ned på bakken, bjørnebær-monsteret hiver seg rundt, men han er for treig. Ei insekts-ugle napper med seg bæret lenge før bjørnebær-monsteret er i nærheten av å få tak i det. men no veit den iallfall kossen dei små pøblene ser ut, og tussen har heilt rett, det minker på bær.
«Gje meg den flaska! så skal insekt-uglene forsvinne og eg låver at du og dine skal få bær kvar seinsommar og litt utover høsten» Bjørnebær-monsteret gav endelig opp.

Den dag i dag stopper bjørnebær-monsteret opp i skogen på seinsommaren, og legger seg ned så Aria og alle dei andre tussen får plukke dei saftige blå-svarte bærene, og til gjengjeld får bjørnebær-monsteret ei flakse med magisk insekts-ugle-middel, så han er heilt sikker på at dei små, plagsomme, kløende vesena ikkje kjem tilbake.

Tussene må framdeles passe på for sjølv om at bjørnebær-monsteret ligger heilt i ro og lar tussen plukke bær, stikker framdeles piggane hans like mykje og henger seg fast i både klær, tusser og alt anna de tornete stengelen får tak i.

Bjrnebrmonsteret-webjpg

Kommentarer

Legg inn en kommentar