I nord det stod, eit fjell så stort, med ei høgd på 2468 meter.
Partalsfjellet var fjellets navn, og magisk vil mange sei det var,
kvifor det var sånn mon tro, det er matematisk vanskeleg å forklare,
men det enkle svaret er rett og slett at fjellet var lett å bestige.
Det var nesten som om stigningen var så perfekt at kvart eit steg var
som om man fløy til toppen.
Ein dag var plutseleg turen drøy, sjølv bygdas sterkaste mann sleit,
toppen kjennes rar, som om noko var skikkeleg gale. «Er eg høgare oppe
og kvifor er varden og boksen med noko borte?»
I bygda begynte det å murre, vanlegvis kan alle klare å gå opp dit, og
tenke på alt som er fint, dette er berre slit ett eller anna er er
svært gale. Det blei bestilt inn ekspertise, dei målte fjellet frå
topp til botn og ut at talet blei feil sum. Partalsfjellet var no 2469
meter høgt! Fjellet hadde blitt ein meter høgare over natta, eit
oddetal som er til å få fnatt av!
Uansett årsak visste dei at ein meter måtte av, arbeidet gjekk i gang
med hakker og slegger, fjellet vårt vil ikkje ha eit oddetal lenger. Då
den første slegga traff bakken, blei det eit veldig spetakkel, brått
rulla berg og stein saman, og danna eit troll som for av gårde, det
var jo ein plass for å liggje å sove!
Då var partalsfjellet tilbake til sitt normale, oddetalstrollet som no
er navnet, lever framleis i skogen ein plass, så neste gong du går på
tur, kan du lure på kor oddetalstrollet har tatt sin neste lur.

-Tussebyga-


Legg inn en kommentar