I dei sagnomsuste fjell, på ein vindstille kveld, var det troll mot troll i ein stor og episk steinkrig. Fjella lå akkurat så langt fra kvarandre at avstanden var perfekt for troll-kast. Fjella var høge, 3000 meter opp, og mellom fjella var det bratte stup, og heilt i botnen låg Trolledalsvatnet. For å komme seg til den andre sida måtte dei sju mil aust for de to toppane, der festa fjella seg saman som ein U-sving. Kvelden før hadde høvding-trolla frå kvar side av Trolledalsvatnet møttes midt på for å avtale ein vennskapelig trolle-kaste-steinkrig for vennskapsbåndets skyld. Som avtalt, var alle trolla fra både Trollhaug og Trollhorgjo klare kvelden etter. Med store steiner som dei hadde knust ut av berget for å lage huler som ly fra sola.
Alt var klart for trolle-morro, og den første steinen flyr etter høvding-trollenes brøl. Trolle-kast fungerer litt som kanonball: blir du troffen av ein stein er du ute av leiken, og blir den som tok deg tatt, er du inne igjen. Steinene flyr, og trolla som er tatt er blitt heiagjeng for dei som framleis spring og kastar steiner. Alle morer seg heilt fram til eit av trolla fra Trollhorgjo hiver ein stein som er dekka av snø, med ein voldsom fart! Den treffer sinna-trollet, Trollfurt fra Trollhaug. Han brøler ut då snøen spretter av steinen, og inn i alle de sju augene hans «Juksing ja! Eg skal visa dåke juksing eg!» Han tar fart og spring mot den lange veien rundt til Trollhorgjo. Midt i trollestyret var det ingen som fekk med seg at Trollfurt var på vei i full fart over til den andre sida, og når han hadde sprunge langt og lengre enn langt, nerma han seg Trollhorgjo, det var blitt heilt stille rundt han. Steinkrigen var forlengst blitt avgjort og det var ingen Trollhorgjo-troll oppe til å ta hevn på. Brått stig sola fram, og før Trollfurt fekk gjemt seg for sola blei han til stein. Den dag i dag ligg alle steinane frå troll-kaste-steinkrigen hulter til bulter omkring i de to fjella. Og ser du godt etter, kan du sjå at den eine hompen litt etter Trollhorgjo er eit troll som gløymde seg ut og blei til stein i soloppgangen.
Snipp, snapp, snute, så var alle turistane ute… på tur, for å oppleva denna fantastiske turistatraksjonen. Høgt oppe i steinlandskap, med Trolledalsvatnet heilt der nede.

-Tussebyga-


Legg inn en kommentar