Forfatter: tussebyga

  • Hestehår armbånd

    Hestehår armbånd

    Eg har hørt at alle gode hester, kjeme til himmelen med halv hale…

    Kanskje det er fint å lage eit fint lite minne med hestehårene som ligger igjen?

    Som for eksempel hestehår armbånd.

    Har egentlig aldri tenkt på at det er mulig å lage armbånd med hestehår, men er jo egentlig ein selvfølge, Det er egentlig det perfekte materialet for å lage fletter med, slitesterkt, langt, naturlig, veldig fint, lett å klippe av i endene, da og gjorder prosessen med å feste endestykker lettere.

    Eg brukte lang tid på sortering, for ville prøve å lage mest mulig forskjellige armbånd når eg først fekk prøvd å lage noko i hestehår.

    Link til videoen eg brukte:
    https://www.youtube.com/watch?v=Hd9MXjtCxUg

    Sku tru at å lage ei så enkel fletta som detta, ville vere lett, men må innrømme at eg såg på både videoen og hestehårene i nokon tima før eg skjønte heilt ka eg sku gjer, da stoppa liksom litt opp, for er jo hestehår som betyr enormt mykje for personen eg sku lage armbånd for. Det var som å prøve å lage noko nytt, og første gong man prøver er materialet gull, og ikkje bare gull, men gull fra ei veldig spesiell gullgruve som no er tom og dette var det siste materialet som var igjen. Med andre ord, får tak i meir hestehår, men ikkje fra denna hesten.

    Noko som ga eit stort press, ville alt sku bli perfekt på første forsøk.

    Lagde nokon tynnere armbånd, før eg fekk til detta med hjerta.
    Brukte mykje tid på å finne endestykker, låser, pynte deler osv, var ikkje lett å finne i Norge så endte tilslutt på Amazon, der hadde de akkurat det eg såg for meg, du kan prøve å søke på jewelry end caps blant anna så får du opp eit fint utvalg av smykkedeler. De har og eit fint utvalg av smykkesteiner 🙂

    Lagde og noko på ein kumihimo disk for første gong.
    Fulgte mønsteret i denna videoen:
    https://www.youtube.com/watch?v=ElCk8HdrQgE

    Kor langt skal armbåndet ver? Må få det på, men må heller ikkje bare detta av. Detta armbåndet blei litt langt, men for kort for smykke, gjekk akkurat dobbelt rundt armen, da fungere jo, men litt vanskelig å ta på sjølv.

    For ein del år sio tok eg nokon wirework kurs, det er ein måte å lage smykker på, dette gav meg muligheten til å lage egne ender, låser og pynt til hestehår armbåndene. Brukte for det meste sølvfarga streng fra hobbybutikk. YouTube hjalp med inspirasjon og oppfriskning av gamle glemte wirework teknikker, og fekk til fine ender og låser tilslutt.

    På dette tidspunktet begynte eg å bli sjølvsikker, eg hadde klart å lage nokon armbånd og datt over ein video med ein fletteteknikk som lagde meir firkanta armbånd, kor kult er ikkje da?
    https://www.youtube.com/watch?v=JODZvSALPY4

    No viste eg kor mykje hestehår som måtte til, funnet litt ut av wirework, funnet rett lim, så endestykkene blir på smykket, kossen holde armbåndene gjevne og fine under wirework prosessen, funnet nokon fine steiner å pynte med. Ja læringskurven i detta prosjektet har egentlig bare gått rett opp. Trur faktisk eg lærte hundre nye ting på nokon månadar

    Eg fekk resten av hestehårene 🙂 Har funnet fleire armbånd eg vil prøve meg på, og mykje småting å lage med de korte hestehårene. Blir fleire blogger med hestehår. Blir øvd meir på wirework teknikker og tenk deg den dagen eg kan lage hestehår armbånd med streng i ekte gull og sølv. Da blir konge!

    -Tussebyga-

  • Print on demand

    Print on demand

    Print on demand er ein fellesbetegnelse for sider som hjelper deg å selge t-skjorter og andre produkter med ditt design på. Du bare laster opp eit bilde i rett format og størrelse ut ifra ka som står i retningslinjene for den bestemte print on demand sio du har lagd konto på.
    Ligger inn det håpefulle designet på de produktene din side tilbyr og trykker ok. Så blir produktene produsert etter bestilling, de tar seg av alle kunder, produkter, klager, ja alt og du får ein liten sum av salget. Ja ein liten sum. For salget må selvfølgelig dekke alle kostnader for de som faktisk produserer varen. Men alikavell, å få penger passivt inn på kontoen kvar måned høres jo fantastisk ut!

    Det høres kanskje litt for godt ut til å ver sant. Og det er det kanskje og, vertfall vist du har starta litt seint med ideen, som meg. Det er som med alt anna på internett eit hav av andre som har tenkt samme tanken, som laster opp design kvar dag og var så tidlig ute at de forskjellige print on demand sidene faktisk promotere produktene dine litt. Idag er du så god som usynlig og på nokon sider faktisk heilt usynlig uten eigen markedsføring og direkte linker til produktet ditt.

    Eg har prøvd fleire sider, og har endt opp med Teespring, Zazzle, Merch by Amazon, TeePublic og Spreadshirt. Som er for mange sider, for det tar faktisk tid med print on demand, vertfall i begynnelsen, med ny konto, cover bilde, navn, tekst, skjemaer osv. Etter det er det bare å lage ny design, laste opp og skrive ein tekst.

    Eg vil gjerne fokusere litt på Teespring idag. Skal ikkje gå inn på alt det tekniske, dette får du og YouTube kose dåke med, men vil anbefalte å starte så for som mulig, kommer egentlig ikkje så langt med å bare se videoer. Ut å prøv og feil ein heil del.

    Teespring har de desidert mest spennande produktene å legga designet ditt på, all-over print står det på dei plaggene som man kan designe mønster til, som dekker heile produktet. Zazzle har og denne muligheten, men med litt mindre spennande produkter.

    No skal eg gje deg ein link som gjer all denna kjedelige lesningen vert da:
    https://aatishb.com/patterncollider/
    Her kan du trykke på alle knapper og se ka mønster du får fram, kanskje du finner dette?

    Rett og slett timesvis med moro!

    Og vist du syns da var gøy, sjekk ut denna:
    https://www.toll.no/no/verktoy/tollkalkulator
    25% (ja gjelder heile beløpet med frakt) + at nokon skal ver så snill at de vil se på varen din, for kroner 46,- 78,- og 287,- ut i fra kor dyr bestillingen din er. Fortollingstjeneste heiter det.
    Då blei da dyrt nok.
    Spreadshirt har ein norsk side, men ingen all-over print muligheter. Slipper vertfall tollen.
    Har bestilt nokon produkter sjølv, for vil jo gjerne se ka eg selger, at produktet er kvalitet og kan anbefales. Eg er egentlig fornøyd, men å bestille til Norge, då må da ver da eine plagget man må ha. I mitt tilfelle: https://tussebyga.creator-spring.com/listing/eye-iris-pattern

    Då vil eg avslutta denna bloggen med nokon fantastiske modell bilder. Ekstremsporten aking 😛

    PS: Genseren er litt meir blå på bildene, er egentlig turkis.

    -Tussebyga-

  • Hønene på Holmedal

    Hønene på Holmedal

    Hønene på Holmedal

    Det er ein heilt vanlig dag. Ein dag som alle andre dager, bare tirsdag, skyfri himmel og midt i august.

    På Holmedal tidlig denne morgonen, vert hønene vekt av strålande sol og entusiastisk kakling frå den høna sola fant først.
    Sanden utanfor er perfekt for et morgon-sandbad og det grøne graset masserer glade hønseføtter.

    Ei av hønene føler seg overmodig denne morgonen og snik seg fleire meter utanfor inngjerdingen. Til det grønaste, høgste, flotteste graset, kor ingen høner før har sett sine spor.

    Men ut av det blå! kva er det? Noko kvitt, flygande.
    Nei, no vert den større og større og mørkare og mørkare.
    «Klukk, klukk, baaakk!» Dråper! Vann! Fra oven!
    Den har spist sola og no begynner den å sikle!
    Den kjem til å spisa oss alle!

    Få panikk!

    Hønene spring i full fart mot hønsehuset. Det oppstår eit fuglekaos!
    Når alle hønene er kommen seg i sikkerhet, står den overmodige høna igjen på feil side av gjerdet. Panikken har slått til for fullt, inngangen er ikkje til å finne. Ho kjenner siklet i nakken og pusten i fjærene.
    Der!
    Ho smatt gjennom gjerdet og inn i hønsehuset. Ho er gjennomsikla, men i live!

    Alle dei andre hønene ser forskrekka på ho.
    «Klukk, bakk, bakk, klukk» diskusjonen er begynt.
    Den modigste av hønene går varsomt mot det rufsete fjærkreet som pustar tungt mot gulvet. I det fjærkreet blir gjenkjennelig, klukker oppdageren høgt til dei andre, kom og hjelp. Resten av hønseflokken kjem til unnsetning, med varme og visdoms-klukker.
    Dagen er redda!

    På denna dramatiske tirsdagen midt i august, blei det ein lykkelig slutt for hønene på Holmedal gård.

    Var så heldig å fekk laga figurteater av historien på Kvinnherad bibliotek. Det var eit stort og spennande prosjekt som tok form etterhvert som dukker, kulisser og innhold var på plass. Blei ganske bra tilslutt 🙂

    Her er video fra eine forestillingen, gjer deg klar for 15 minutt kakling 😛

    Se «Hønene på Holmedal»


    Hadde tenkt å skriva blogg før, under og etter forestillingen med kossen dukker osv vert lagd, kossen da var å framføre foran eit publikum, og alt eg hadde lært av prosjektet i ettertid, men trur eg heller skrive denna bloggen, med historien, video fra forestillingen og nokon bilder som seier meir enn ord 😛

    Det var ein fantastisk reisa som blei fullført med stil, og no går eg vidare til neste prosjekt med mest sannsynlig samme mengde utfordringer og ser fram til å finne løsningane 🙂

    Ha ein fortsatt strålande dag 🙂 -Tussebyga-

  • Scampiling Evolusjon

    Scampiling Evolusjon

    Hei hei, folkens!

    Har nettopp sett gjennom min gamle hardisk, er utrolig spennande å se gamle bilder og tegninger, dei oppgraderingane som har skjedd oppgjennom årene og ikkje minst kjenna på følelsen som var der når bildet var ferdig, stoltheten av å ha fått noko som kun fantes som ein tanke ut så alle kan se det. Fantastisk følelse!
    Alt eg har lært, Nye og gamle bilder (gjerne av samme idé) side ved side, setter virkelig oppgraderinga av ferdighetene i perspektiv…

    Det førte tegningen her er Spampilingen min fra 2014, tegna i Photoshop, er rart å tenka tilbake på kor ufattelig stolt eg var når eg var ferdig med denna…

    scamiling2014png

    Er ikkje den imponerande så veit ikke eg 😛 
    Steikje eg jobba med å få denna til, 26 år gammel, og ikkje akkurat venn med dataen kan man sei.

    Eg viste allerede nokon år før detta kunstverket blei til at Sampilingen (som er ein scampi-tinge-ling som ligne mest på ei reka) sku ein dag bli kjennemerke mitt. Fremdeles fornøyd med da valget 🙂 Kjeme fleire Scampiling blogginnlegg 😉

    Neste steg på Sampiling evolusjonen er fra 2020, begynt å bli venn med dataen, og ikkje minst Photoshop, nesten begynt å setta pris på å tegna på tegnebrett til data og læra nye ting som kossen «layers» fungerer og kor mykje bedre streken blir med skikkelige «brushes» (kan anbefalte jazza’s photoshop brushes) 

    Scampilingbrpng

    Jupp, Scampilingen har fått trylle-blåbær, lika bær, tegner mykje bær…

    Siste steg (så langt) blei eg ferdig med for to daga Sio. Skulle bare fiksa litt småplukk på tegnigen over, men ettervert som eg fiksa bringebæret, så bjørnebæret… så måtte eg liksom fiksa alt for nytt og gammalt sto ikkje lenger i stil.  Er ikke den største oppgraderingen…

    …men ettervert så ferdighetane vokser, er det dei små nyansane som gjer ein forskjell. Akkurat no er eg fornøyd med dagens utgave, men er spent på å se ka framtid bringer, på min ferd til anerkjent kunstnar. Gleder meg til å se forskjeller etter nokon års oppgraderinger i kunnskap og ferdigheter.
    Eg gleder meg vertfall kjempe masse! bli med da vell 🙂

    Ha ein fortryllande dag 🙂 -Tussebyga-