Endeleg er snøen her. I monster-nabolaget vårt er det no fleire meter med snø. Det er nok snø til at sjølv dei største monsterungane kan gøyma seg i snøborgene. Alle har gleda seg veldig sidan førre snødag. Hue, vottar, skjerf og varme kler er tatt fram, og alle er så godt pakka inn i kler som det går ann. Det vil seie alle utanom snømonsteret. Han synest det endeleg er passeleg temperatur ute i dag.

Alle monsterungane står på rekke føre dei to kapteinane, Kristian og Monstersaurus, som skal til å velgje lag. Snømonster, flaggerkatter, landfisker og alle dei andre monstera vert delt opp i noko lunde jamne lag, før dei går til kvar si snøborg for å snakke taktikk. Det gjeld å leggja den beste planen slik at ein kan gå sigrande ut av snøballkrigen, for vinnarane får laurdag-godtet til det tapande laget, det er alt frå sjokoladetrekte kakerlakkar, sukker-spindelvev til andre søtsaker. Dette kan ein ikkje tape.
Det er nokre reglar som må fyljast for å få ein kjekk snøballkrig for alle, og reglene er som følge:
- Snøballar skal kunn innehalde snø
- Dei store monsterne har ikkje lov til å sitte seg på dei små monsterne
- Laga skal ha kvart sitt namn
- Laget som riv ned det andre laget si borg, vinn. snøballkrigen
- Det laget som vinn, får all snopet til laget som taper
Josefine vert alltid valt sist, ho er eit småmonster som ikkje kaster spesielt langt, ikkje er ho spesielt rask heller, og det hjelper ikkje å gøyma seg med det knall rosa monsterskinnet ho har. Denne gongen hamnar ho på monsterlaget Slim, som har Kristian som kaptein. Han er rask og atletisk og kastar presist. På det andre laget, Stank, er Monstersaurus kaptein. Han er større enn alle dei andre. Han vann i stein, saks, papir før dei byrja, med saks mot papir, og fekk velja fyrst. Han valde Edd-Linn som er eit edderkopp monster. Ho kan laga strekt spindelvev som beskyttar snøballborgen og held flygemonsterne ute.
Snøballkrigen byrjar på klar, ferdig, gå! Nokon spring med ein gong bort for å rive ned den andre borga, medan andre vert att for å forsvare si snøborg. Snøballkrigen er lenge jamn, begge borgene er bra bygd og toler mykje. Lag Stank har spindelvev og lag Slim har monster-krokodiller som hjelper til med å halde inntrengarar ute.
Sakte men sikkert byrjar lag Slim si borg å slå sprekker. Josefine kan sjå gjennom dei nye hola i snøborga at det er Monstersaurus, laget hennar slit med å halde ute. På den andre snøborga heng det fast både flygemonster og monsterkrokkodiller i spindelveven til Edd-Linn, som no har fått lagd eit så sterkt spindelvev at ingen på laget Slim er i nærleiken av å få ned laget Stank si borg.
Laget Stank har snart sigeren i boks når mammamonsteret til kapteinen, Monstersaurus, roper og seier at han er nøydt å komme heim å ete middag, før han får forsette med den koselege snøballkrigen sin. Laget hans er no ein sikker vinner, så han sett Edd-Linn til å ta over som kaptein, dei ville fint klare å vinne utan han og han lovar å væra monster rask til å ete maten sin og når han er ferdig med middagen, skal han skunde seg tilbake og dele snopet dei garantert har vunne. I det Monstersaurus går inn døra heime, fortsett snøballkrigen og ein stor snøball med stein kjem i monster fart og treff Josefine. Ho hadde endeleg tort å snike seg ut av snøballborga for fyrste gong, og no byrja ho å grine etter den urettferdige steinen treff ho midt på nasen. Fyrst roper ho «den hadde stein i seg, det er juks!» men ingen ser ut til å bry seg. Då vert ho enda meir sint og bles seg opp til ein kjempestor rosa, sinna-ball med piggar og ruller over alle monstera på sin veg og rett gjennom spindelveven til Edd-Linn og raserer heile Stank si borg.
Det tek ikkje lang tid før Monstersaurus kjem springane med saus på haka. Han har slukt maten som han lovde, og er på veg tilbake for å hente godteriet sitt då han høyrer eit brak. «Kva er det som skjer!?»
Når han kjem opp til snøballkrigen ser han heile laget hans med monster, ligg strødd rundt over og under snø og spindelvev. Borga er blitt ein stor snøhaug med monster hulter til bulter inni, med Josefine sitjande liten, søt og rosa på toppen.
«Korleis er det mogleg? Me hadde jo så godt som vunne!» Sur går Monstersaurus heim att for å hente laurdags-godtet sitt. Laget Slim har vunne og han som alle andre på laget Stank må gje snopet sitt videre til Kristian, Josefine og resten av vinnarlaget.
Josefine vart aldri vald sist att, og ingen veit heilt kva, men noko gjorde ho vertfall veldig sint førre gong. Frå no av vil ingen vera på motstandarlaget neste gong ho vert like sint.



Legg igjen en kommentar