Det er sommar, og alle monstera gjer seg klar for den store monsterdagen. Dette er ein dag med fest og moro for store og små. Høgdepunktet for alle dei små monsterungane er det store hoppeslottet som vert sett opp. Det er mest som at dei ikkje klarar å vente. Utanom Piggus. Han har heile livet berre sett på dei andre hoppa i slottet. Då han var heilt liten landa han på ein badeball. Den sprakk, og smalt så høgt at det held Piggus unna alt som er blåst opp med luft. Piggus sjølv hugsar ikkje noko frå sjølve hendinga, men smellet heng att som eit vondt minne.
Alle dei andre har alltid tenkt at Piggus ikkje likar hoppeslottet, og tenkjer at det ikkje nyttar å spørje han om han vil. Men denne dagen er det eit heilt nytt småmonster tilstades, Josefine. Ho oppdagar Piggus som sitt aleine i ei sandkasse. Josefine går bort til han.
Hei
Piggus løftar blikket frå sanden.
Hei
svarar han
Har du lyst å bli med til hoppeslottet?
Piggus flyttar blikket ned att i bakken
Ja, men eg tørr ikkje
Josefine ser forundrande på Piggus
Kvifor tørr du ikkje det?
Piggus tørkar vekk ei påbegynnande tåre i høgre auge
Eg veit ikkje
Josefine går bort til Piggus og legg ei hand på skuldera hans
Hald deg i nærleiken av meg, så kan me gjera det saman
Piggus kjenner gleda rusa gjennom heile kroppen og ut i kvar einaste pigg. Han sprett opp på beina, og hiv seg i armane på Josefine og gjer ho ein god klem.
Eg skal passa på deg, eg
seier Josefine
Dei går mot dei andre monsterungane, som hoppar i hoppeslottet. Der vert dei stoppa av vakt-monsteret.
Du kjem ikkje inn her
Josefine og Piggus går vekk frå hoppeslottet.
Kvifor får eg ikkje komme inn?
Spørr Piggus.
Eg veit ikkje
Svarar Josefine. Dei tenkjer at om vakt-monsteret ikkje ser Piggus, kanskje dei kjem seg inn. Fyrst finn dei frakken til ein av dei vaksne monstera, der Josefine står på hovudet til Piggus inne i frakken. Men ved hoppeslottet får dei beskjed om at ingen vaksne får komma inn. Josefine hoppar av hovudet hans, og dei finn ut at han skal gå med frakken aleine. Piggus følgjer etter Josefine bort til hoppeslottet. Denne gongen får Piggus gå inn.
Oi
Han ser rundt seg, og ser kor kjekt alle dei andre monsterungane har det inne i slottet. Brott er det eine monsterungen som skrik
BOMBO!
Han kryp saman og dundrar ned i det oppblåste golvet på hoppeslottet. Slottet byrjar å gynge og alle monsterene ler. Piggus kjenner gleda, og prøver å gå inn. Vakt-monsteret får auga på piggane som stikk ut av jakka, og dreg Piggus vekk frå slottet i det han sett eine foten innanfor.
Å nei, du. Du lurar ikkje meg. Du kjem ikkje inn her med dei piggane.
Seier vakt-monsteret. Piggus og Josefine går slukøyra attende til sandkassa. Dei andre monsterungane i hoppeslottet får med seg kva som skjer og spring bort til dei.
Me kan hjelpa med å få deg inn
Det går nok ikkje
Svarar Piggus
Eg kjem ikkje inn på grunn av piggane mine
Det er ikkje noko problem, bli med oss.
Saman prøver dei alle ideane dei kjem på. Den fyrste ideén er å grave seg under. Alle ungane kryp etter gravemonstert i den nygravde tunnelen bort til hoppeslottet, der møter dei eit hoppeslott-gulv og må snu. I neste forsøk prøver dei å fly, alle sett seg opp i ein stor sekk som flygemonsteret prøver å lette. Sekken raknar i det piggane til Piggus stikk seg gjennom, og eit nytt forsøk er mislykka. Det neste dei prøver på er å dynke Piggus i gjørme, men gjørma dekkjer lite og berre sklir av etter nokre meter. Videre prøver dei å kle han ut som ein statue, men han berre veltar når dei prøver å skubbe han. I det siste forsøket samlar alle seg tett rundt Piggus for å skjule han, det resulterer i mange minuttar med å dra slim-monsteret av piggane att.
Er det nokre andre ideàr?
Spørr Josefine.
Nei, eg er heilt tom.
Eg veit heller ikkje.
Svarar dei andre monstera.
Berre gå å hopp de. Eg kan bli med bort å sitja utafor og sjå på
Seier Piggus litt skuffande til dei andre. På vegen til Hoppeslottet oppdagar dei at Vakt-monsteret er vekk. Han har nytta sjansen til å gå i snopekiosken sida han ikkje har sett nokre monsterungar på ei god stund. Medan han er i snopeboden, tek alle monsterungane fart og spring til, og inn i hoppeslottet. Der vil Piggus vise ein ting han har sett ein andre gjere, og tek sats.
BOMBO!
Der alle forventar gynging, vert dei overraska av eit stort smell. Hoppeslottet flyg opp i lufta som ein ballong som ein har gløymd å knyte. Alle monsterungane sitt forskrekka på bakken. Vakt-monsteret kjem springande med spindelvev på pinne og får så vidt auge på hoppeslottet i det det susar forbi. Josefine ser på Piggus og seier
Å ja. Det er derfor du ikkje får komma inn i hoppeslottet.
Monsterungane ser på kvarandre i det eine ungen bryt ut.
Kanskje me skulle funne noko å ha på piggane istadenfor.

No skal eg fortelja deg om korleis slottet sprakk
Me byrja med å gjømme Piggus i ein frakk
Han fekk seg ikkje inn forbi ein stor gretten vakt
Me pakka han ikkje inn, for det vart for dyr frakt
Men utan om det, så prøvde me alt, sant?
Og når me var ferdige, var vakten vekk, me vant!
Då tok me sats, men brått vart gleda stoppa
Snart forstod me kvifor Piggus ikkje fekk hoppa
Me satt og såg at slottet berre feis av stad
Me skulle kanskje ha dekka piggane i større grad
Kva med kongle i frå treet, bark eller sopp
Nøtteskall, mose eller mamma sin mopp
Skumgummi, vingummi eller tyggissen min
Bobleplast, isopor eller tennisballen din?
Papp, puter, svamper eller kva med trollsnott
Ja, no gleda eg meg til neste års hoppeslott



Legg inn en kommentar